Stort oppmøte og engasjement på folkemøte om vindkraft

Det var fullt hus på Havly pensjonat i Bremanger då det vart invitert til folkemøte om vindkraft.

Det var fullt hus på Havly pensjonat under folkemøtet.  Foto: Eirik Gard Endal

Nyheter

– Vi hadde sett fram 140 stolar, men vi måtte til slutt finne fram alt som var av stolar på bygget. Så vi anslår at det var om lag 190-200 personar som møtte opp, seier Tore Nesbakk, som var ein av initiativtakarane til møtet.