Bubil har køyrd utfor vegen og ligg på taket

Illustrasjonsfoto: Erling Wåge 

Nyheter

Rundt klokka 13.30 laurdag opplyser Vest Politidistrikt at ein bubil med to personar i har køyrd utfor vegen og ligg på taket.

Det har skjedd på ein smal veg i Heggjabygda i Eid kommune.

Det var to personar i bubilen og desse skal, ifølgje politiet, ha kome seg ut og er medvetne.

Naudetatane er på veg til staden.

Ulukka har skjedd i nærleiken av Svinevika der vegen er smal, og delvis sperra etter ulukka.