Elvis-fans er nøkkelfast i Måløy

Illustrasjonsfoto: Erling Wåge 

Nyheter

Natt til søndag vart politiet kontakta av to ungdommar som var på Elvisfestival i Måløy. Dei tilreisande hadde mista nøklane til bilen sin, ein Toyota Varebil, 2006 modell.

Første problemet er at dei ikkje kom seg inn i bilen der dei budde i helga.

- Vi hjelpte dei å låse opp bilen slik at dei fekk kome seg inn å legge seg, seier politibetjent Jan Arild Nervik ved Vågsøy Lensmannskontor.

Det neste problemet no er at dei ikkje kjem seg frå Måløy og heim fordi dei ikkje har nøklar og får starta bilen.

- Så har nokon funne eit sett med nøklar til ein Toyota varebil så ta kontakt med politiet. I så fall blir dei to Elvis-elskarane veldig glade, seier Nervik.