Mykje folk, god stemning og lite trøbbel

Politibetjent Jan Arild Nervik. Foto: Erling Wåge 

Nyheter

Slik summerer politibetjent Jan Arild Nervik ved Vågsøy Lensmannskontor opp Elvis-helga i Måløy.

Han har hatt vakt, og seier at det ikkje vore ordensuroing i det heile. Trass i at det var mykje folk ute både fredag og laurdag så var det roleg og god stemning. Han fortel om to små episodar.


 

- Natt til søndag, rundt klokka 05.00, så oppdaga vi ein person som sov på ein benk i sentrum av Måløy. Han var rusa. Men vi fekk vekt han, og han tusla heim, seier Nervik.

- Fredag kveld vart politiet kontakta av familien til ein som var i Måløy på Elvis-festivalen. Familien var uroa fordi dei ikkje fekk kontakt med han. Vi fekk beskriving på korleis han såg ut, og det tok ikkje lang tid før vi fann han. Han kontakta familien sin, og då var alt i orden, seier Nervik.

Han kan vidare fortelje at skjenkekontrollen var ute og sjekka forholda når det gjaldt sal av alkohol.

- Dei fann ikkje avvik. All servering var godt organisert og alt var på stell, seier Nervik.