Ber folk slutte å klage over besøk

Svein Inge Fosse ved Knutholmen i Kalvåg har fått nok av klaging i media om masseturisme, og ber folk heller ynskje turistane velkomen.

opne armar: Svein Inge Fosse meiner ein må ønske turistar velkommen og ikkje klage over besøk. arkivfoto 

Nyheter

Det seier han til NRK.

– Det er jo ikkje sjørøvarar som kjem. Vi må sjå på moglegheitene og ikkje berre problem.

Fosse meiner folk bør ta ein fot i bakken og heller vere meir løysingsorienterte.

– Det er snakk om nokre få veker i året vi har mykje turistar her til lands, seier han til NRK.

Fosse peikar på at reiselivet i utkantane betyr inntekter, arbeidsplassar og kulturtilbod.

– På grunn av inntektene om sommaren kan ein halde ope heile året, seier han, og legg til at han skjønnar at det nokre stadar kan gå for langt.