Fullt hus på folkemøte om vindkraftsaka i Bremanger

Fryktar for både reiseliv og naturen

Vindkraftsaka i Bremanger engasjerer stort, og då det vart invitert til folkemøte om den planlagde vindparken på Bremangerlandet var det fullt hus.

Fleire snakka mot etablering av vindkraftanlegg på Bremangerlandet på folkemøtet torsdag. F.v. debattleiar Jon Anders Stavang, Ron Overdevest, Tore Nesbakk, Ole Stenbakk, Ivar Rune Varpe, Jostein Nygård og Jørund Nygård.  Foto: Eirik Gard Endal

Nyheter

Det er liten tvil om at saka opptar innbyggjarane for tida, og dei som tok ordet fekk stor applaus frå dei om lag 200 frammøtte.