Folkemøtet om vindkraft:

Trur det kan bli tøff kamp å snu saka

Svein Olav Senneset (V) er mot vindkraftprosjektet, men minna om at det ikkje nødvendigvis er lett å stanse det.

Slik skal dei planlagde vindturbinane plasserast på fjellet mellom Dalevatnet og Oldeide. Illustrasjon: Bremangerlandet Vindpark 

Nyheter

– Å kjempe ein kamp mot staten er ikkje lett. Sjølv om kommunestyret skulle finne at det er skjedd så mykje at vi ikkje lenger kan gå inn for realisering, vil ikkje det seie at NVE tar det til følge, sa Senneset, og følgde opp med at då vedtaka om vindparken og linja var i departementet var svaret at vedtaket var endeleg og ikkje kunne påklagast.