No kan du førehandsstemme

Valdagen nærmar seg, og frå måndag 12. august til fredag 6. september er det mogleg å førehandsstemme.

Valdagen er 9. september.  Foto: Eirik Gard Endal

Tenesteleiar i Vågsøy kommune, Linda Larsen. Frå 12. august til 6. september kan ein førehandsstemme til kommunestyre- og fylkestingsvalet.  Foto: Eirik Gard Endal

Nyheter

Ein kan førehandsstemme i alle kommunar, uavhengig av kvar ein er busett. Dersom ein stemmer i same kommunen som ein er folkeregistrert i, er valhandlinga tilsvarande som på valdagen, der ein kan gje ekstra personstemmer og slengarar og legge stemmeseddelen rett i valurna.

– Er ein veljar i ein annan kommune kan ein også stemme her, men då må ein bruke ein sentral stemmeseddel. Der kan ein stemme på parti, men ikkje gje ekstra personstemmer eller slengarar, seier tenesteleiar i Vågsøy kommune, Linda Larsen.

Ho oppmodar til å stemme i god tid dersom stemma skal sendast til ein annan kommune, for å sikre at den kjem fram i tide.

I nye Kinn kommune kan ein stemme på rådhuset i Måløy og på tenestetorget på Flora samfunnshus. Larsen seier at innbyggjarar på øyane utanfør Florø kan førehandsstemme med båt.

Dersom ein ikkje har moglegheit å møte fram i vallokalet, kan ein ringe til sentralbordet i kommunen og søke om å få stemme heime.

Det blir institusjonsstemming i forkant av valdagen.

Tenesteleiaren opplyser vidare om at servicetorget i Måløy vil ha ope to laurdagar og langope to torsdagar i forkant av valdagen. I Florø vil tenestetorget vere ope ein laurdag og langope ein torsdag. I tillegg kan ein stemme innanfor opningstidene til begge stadene.

– Vi skal sørgje for at alle som kjem hit får gjennomføre eit fritt og hemmeleg val, og vi er behjelpelege dersom nokon har spørsmål eller treng hjelp, avsluttar Linda Larsen.

Førehandsstemming i Bremanger kommune

I Bremanger kommune kan ein stemme på rådhuset i Svelgen innanfor dei vanlege opningstidene. Der blir det langope ein dag og laurdagsope ein gong før valdagen.

I tillegg blir det moglegheit å førehandsstemme på forskjellige plassar i kommunen på desse datoane:

  • Bremanger, Haugetun: 22. august, 31. august og 3. september
  • Davik, Klokkartunet og Nærbutikken: 28. august
  • Ålfoten oppvekstsenter: 28. august
  • Svelgen, Elkem: 30. august
  • Kalvåg, Bremanger sjukeheim og Knutsenhuset: 3. september
  • Kolset oppvekst: 4. september
  • Berle grendahus: 4. september
  • Svelgen omsorgssenter: 5. september
Førehandsstemming i Vanylven kommune

I Vanylven kan ein førehandsstemme på Vanylven rådhus innanfor opningstidene. I tillegg blir det laurdagsope ein dag og langope ein torsdag.

Førehandsstemming i Stad kommune

Her kan ein førehandsstemme i kommunehuset i Selje, på Eid rådhus og Eid bibliotek innanfor opningstidene.

Valdagen er måndag 9. august.