Kommunestyre- og fylkestingsval 2019:

Vil sette dagsorden

Jacob Nødseth kan ikkje tenke seg ein meir meiningsfull jobb enn å vere ordførar i den nye kommunen og få vere med og utvikle den. Foto: Privat 

Nyheter

Namn: Jacob Nødseth

Alder: 31

Bustad: Florø, med feriehus i Vedvika

Yrke: Advokat

Om Jacob Nødseth i Kinn Venstre kjem i posisjon til å bli ordførar vil han bli ein synleg frontfigur som bidreg til å sette dagsorden.

– Kva er det beste med ditt parti?

– Ingen parti er perfekt, og for meg handlar lokalvalet først og fremst om flinke kandidatar som samlar seg om å finne gode løysingar for sin kommune. Venstre er eit parti som er opptatt av at enkeltmenneska skal få leve gode liv slik dei sjølv vil, utan at det offentlege blandar seg for mykje inn når det ikkje er nødvendig. Kommunen og det offentlege skal like fullt sørge for at viktige offentlege omsyn blir ivaretatt, og at dei som fell utanfor og som på anna vis er avhengig av hjelp frå det offentlege får rettidig og god hjelp. I møtet med kommunen er likehandsaming og rettferdigheit viktig. Vi har tru på framtida, og vi er opptatt av framtida. Vi skal tenke og handle berekraftig og ta omsyn til klima og miljø i alt vi gjer.

– Kvifor vil du bli ordførar?

– Eg har vore med på å etablere den nye kommunen, og kan ikkje tenke meg ein meir meiningsfull jobb enn å vere ordførar og utvikle kommunen. Mange politikarar lar administrasjonen styre på, utan at dei sjølv set dagsorden. Ein kan vel trygt seie at eg ikkje er ein slik. Eg håpar også å kunne bruke nettverket mitt utanfor kommunen til å løfte Kinn, slik til dømes Alfred Bjørlo er flink å gjere med Eid.

– Kva er det første du vil gjere som ordførar?

– Det første eg vil gjere er å invitere brukarar, pårørande og tilsette i omsorgstenesta inn til møte med politikarane der eg vil ha svar på spørsmålet: Kva må vi gjere for å gjere kvardagen dykkar betre? Slik vil eg ta for meg sektor for sektor, og resultatet av dette blir kommunebudsjettet og styringsinstruksen for administrasjonen for 2020.

– Kven vil ditt parti samarbeide med etter valet?

– Vi vil samarbeide breitt for å få gjennomslag for saker som er viktige for oss. Vi går dit vi får mest gjennomslag.

– Kva blir det beste med Kinn?

– Det beste med Kinn er at vi får moglegheita til å sjå ting med nye auge, og at vi blir større og dermed blir lytta meir til regionalt og nasjonalt. Eg vil også trekke fram at det for meg har vore veldig kjekt å bli kjent med det politiske Vågsøy. Eg opplever at alle eg har hatt med å gjere, frå Raudt og Sp til Frp vil kommunen sitt beste, sjølv om ein har ulike ting ein er opptatt av og vektlegg. Eg vil i så måte spesielt trekke fram min andrekandidat Edvard Iversen, som ein som står på og får ting til.

– Kva blir det mest utfordrande med Kinn kommune?

– Det mest utfordrande med Kinn blir som elles i kommunane prioriteringsdebatten som kjem i budsjettet. Eg forstår godt at mange er skeptiske til korleis vi skal få til Kinn kommune. Det gjer det desto viktigare at kommunen får ein start som viser at vi er tru mot intensjonsavtalen, og at innbyggjarane får erfare at Kinn er betre enn alternativa.

– Kva likar du å gjere på fritida?

– Som advokat og politikar er ikkje fritid noko eg har for mykje av. Eg er glad i å reise og glad i kortreiste naturopplevingar. Feriehuset vårt i Vedvik (der mor mi er frå) brukar eg ofte, og kombinerer det med fiske og fjellturar, der Børahornet og Veten er favorittane.

– Kven ville du invitert med deg på jordomsegling?

– Eg trur det må vente til eg blir pensjonist, så det har eg heldigvis lang tid til å bestemme meg for.

– Kva er ein perfekt kveld for deg?

– Ein vindstille sommarkveld med trivelege menneske på Refviksanden der vi ser sola gå i havet, det er så flott som det kan bli. Eg har ofte tenkt å overnatte i telt der, men det blir alltid til at vi ruslar tilbake til huset vårt i Vedvik.

– Kva høyrer du på i bilen?

– Nyhetssendinger, Edvard Iversen på telefon og spillelista mi på Spotify som spiller alt fra Joni Mitchell til Kanye West.

Kinn Venstre sine viktigaste saker:

Å gjere det attraktivt for ungdommen å flytte til kommunen

Verdige velferdstenester nær innbyggjarane

Gode rammevilkår for eit framtidsretta næringsliv som skapar trygge arbeidsplassar

Slik ser heile lista til Kinn Venstre ut:

1 Jacob Nødseth 1988 Florø

2 Edvard Iversen 1949 Raudeberg

3 Vivian Norstrand 1963 Rognaldsvåg

4 Mona Alvestad 1972 Måløy

5 Jan Henrik Nygård 1961 Florø

6 Hilmar Eliasson 1960 Florø

7 Kari Larsen 1987 Deknepollen

8 Torstein Hagen 1953 Kvalheim

9 Karoline K. Skår 1989 Florø

10 Daniel Gangeskar 1996 Deknepollen

11 Njål H. Eliasson 1999 Florø

12 Amila Adzemovic 2001 Måløy

13 Rune H. Nygård 1997 Florø

14 Terje Kjerpeset 1980 Florø

15 Weronica Nilsen Toftesund 1983 Florø

16 Sebastian Kvalheim 2000 Måløy

17 Lasse Seim 1950 Florø

18 Trond Kongshaug 1982 Måløy

19 Trond Heimset 1971 Eikefjord

20 Trym Vorren 1998 Deknepollen

21 Rune O. Nilsen 1955 Hovden

22 Gunhild M. Bjelland 1942 Batalden

23 Anita Solheim Steinset 1965 Florø

24 Henning Haugholt 1986 Askrova

25 Stig Herman Hagen 1969 Deknepollen

26 Kristian Høynes 1990 Florø

27 Eva Marie Pleym 1969 Refvik

28 Vegard Åstebøl Larssen 1981 Måløy

29 Åse-Iren Korneliussen 1959 Florø

30 Kristian Æsøy 1987 Skorpa

31 Kamilla Torheim 1975 Måløy

32 Kolbjørn Løken 1933 Eikefjord

33 Selma Strand Larsen 1950 Deknepollen

34 Johnny Dag Jakobsen 1953 Eikefjord

35 Klaus Iversen 1952 Raudeberg