Ser resultat av kystsamarbeid i fylket

Med offensiv tankegang og målretta fokus på samarbeid langs kysten ser ordførarane Kristin Maurstad (Ap) og Ola Teigen (Ap) lyst på framtida for kysten i Sogn og Fjordane.

– Vi klarer å realisere ting som før var vanskeleg, rett og slett fordi vi møtest og snakkar saman oftare, og er einige om at vi skal samarbeide om viktige samfunnsoppgåver, seier ordførar i Flora, Ola Teigen. Han og kollega i Vågsøy, Kristin Maurstad, har dei siste åra stått på for eit betre samarbeid med kystkommunane i fylket.  Foto: Eirik Gard Endal

Nyheter

– Samarbeid har vore ein raud tråd gjennom denne fireårsperioden. Vi har vore blant dei som har tatt initiativ til eit tettare kystsamarbeid. Og det har vore ei ønskt utvikling frå alle kommunane, seier Vågsøy-ordførar Maurstad.