Fryktar ikkje «venstrehandsarbeid»

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, seier NVE sitt framlegg til nasjonal ramme for vindkraft skal leggast ut på høyring i kommunen.
Nyheter

NVE har sendt framlegg til nasjonal ramme for vindkraft på høyring til kommunane (dagens kommunar pr 2019) med høyringsfrist 1. oktober 2019. 

– Eid kommune har bedt om og fått innvilga utsett høyringsfrist, slik at vi rekk å handsame saka i kommunestyremøtet 4. oktober med føregåande handsaming i teknisk- og samfunnsutvalet og formannskapet.  Administrasjonen er i gang å handsame saka på vanleg måte. Dette arbeidet er allereie i gang, og eg ser ingen grunn til å frykte at dette  blir eit «venstrehandsarbeid», skriv Bjørlo i ein e-post til Fjordenes Tidende.

Bakgrunnen for ordføraren sitt utspel er eit grunngjeve spørsmål frå gruppeleiar Sigurd Reksnes i Eid Sp. Der utfordrar Reksnes Eid-ordførar Alfred Bjørlo på at kommunen må kome med ein uttale om vindkraft.


Utfordrar ordføraren på å kome med vindkraft-innspel

Gruppeleiar for Senterpartiet i Eid, Sigurd Reksnes, utfordrar Eid-ordførar Alfred Bjørlo på at kommunen må kome med ein uttale om vindkraft.

 

– Saka blir så i tillegg no i dag sendt ut på ei open høyring i Eid slik at innbyggjarar, lag og organisasjonar og andre kan ha høve til å gje synspunkt og innspel som del av sakshandsaminga inn mot dei politiske møta. Dette vil dermed bli i vareteke slik du med rette er oppteken av i ditt spørsmål, skriv Bjørlo vidare.

Ordføraren opplyser at saka vil også bli teken opp som drøftingssak på komande møte i fellesnemnda 4. september, slik at ein også der har eit høve frå politisk hald til å gje innspel i god tid før den avsluttande politiske handsaminga i kommunestyra i Eid og Selje.

– Ut frå dette meiner eg vi har lagt opp til ein grundig og god prosess for å handsame saka - der vi også gjev innbyggjarar, lag og organisjonar i Eid høve til å kome med sine synspunkt undervegs i prosessen og før rådmannen legg fram ei sak for politisk handsaming, avsluttar Bjørlo.