Personbil hamna på taket – føraren sendt til sjukehus

Illustrasjonsfoto: Erling Wåge  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Torsdag ettermiddag skjedde det ei trafikkulukke på Fv 614 ved Eikeland i Bremanger kommune, opplyser Vest Politidistrikt.

Ein bil skal ha gått rundt og blitt liggande på taket i vegbana. Føraren var åleine i bilen og kom seg ut.

Føraren vart køyrd med ambulanse til sjukehus i Førde for sjekk

Politiet var på staden for å  finne ut kva som har skjedd. Dei veit ikkje årsaka til ulukka.