Feil vallokale på stemmesetlane

På stemmesetlane til veljarane i Selje kommune er det ført opp feil vallokale.

På stemmesetlane til veljarane i Selje kommune er det oppført feil vallokale. Foto: FjT-tipsar  

Nyheter

Der står det at ein kan stemme ved kommunehuset i Selje på valdagen, noko som ikkje stemmer.

- Dette er feil. På valdagen kan ein stemme på Selje skule, oppklarer Stein Robert Osdal, ordførar i Selje, og seier samtidig at han ikkje veit korleis feilen har skjedd.

Han legg til at det skal vere samla stemmeoppteljing i nye Stad kommune, og fortel at oppteljinga skal skje på Nordfjordeid.