Har sløkt bilen som stod i brann

Brannvesen og politi rykka i dag ut til ein bil i brann.

Brannen i bilen ved skytebana er no sløkt. Foto: Siri Kolseth  

Nyheter

Bilen stod ved skytebana i Stigedalsvegen. Meldinga frå politiet kom 15.43. Per Algrøy i Vest politidistrikt fortel at brannen vart sløkt 16.06.

- Vi veit ikkje noko om årsaken, men vil opprette sak og etterforske brannen, seier han.

Algrøy fortel at det ikkje var folk i bilen. Det var heller ikkje fare for spreiing.

- Det var ikkje folk der, og bilen stod sju - åtte meter frå næraste bygning, seier han.

Det var også ammunisjon i bilen som naudetatane fekk tatt ut.