Tok til å brenne i bil lasta med ammunisjon

Illustrasjonssfoto: Erling Wåge  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Vest Politidistrikt opplyste litt før klokka 16.00 tysdag ettermiddag at det hadde teke til å brenne i ein bil som stod parkert ved skytebana i Stigedalen.

Bilen står 7-8 meter frå ein bygning men at det ikkje var fare for spreiing. Politiet opplyser at bilen var lasta med ammunisjon, men at dette var fjerna frå bilen.

Brannvesen og politi har vore på staden.