Kommunestyre- og fylkestingsval 2019:

Vil jobbe for gul stripe

Håkon Sjåstad og Stad SV er opptekne av miljø, gode tenester og samferdsle. Foto: Jørn-Arne Tomasgard  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Namn: Håkon Sjåstad
Alder: 56
Bustad: Leikanger på Stadlandet
Yrke: Teknisk sjef i Stadpipe AS

Stad SV med ordførarkandidat Håkon Sjåstad i spissen er imot dei gigantiske vegprosjekta. I staden vil dei jobbe for bygging og oppgradering av vanlege tofeltsvegar lokalt.

– Kvifor bør innbyggjarane i nye Stad kommune stemme på ditt parti?

– Vi er no det einaste verkeleg miljøpartiet som stiller liste i Stad kommune. Klima og miljø er veldig viktig, og det skal vere viktigare enn pengar og vekst. Veljarane veit at vi har vore tydelege på dette, og vi skal fortsette å vere like tydelege. Vi står òg for lovnadane våre om å gjere det vi kan for å styrke bemanninga i helse- og omsorgstenesta. Dette er viktig for arbeidsmiljøet, noko som vi meiner vil redusere sjukefråværet, auke trivselen og innsatsen til dei tilsette. Vi håpar at vi skal kunne vise veljarane våre at det går å styrke ei teneste, ikkje berre høvle ned. Vi meiner veljarane vil vere mest tent med haldninga til SV i denne saka, framfor å stemme på dei som seier; «vi skal prøve å unngå nedskjeringar». Vi vil òg jobbe for å styrke bemanning og kompetanse i skule og oppvekst, og få tilsette også med kompetanse til å ta seg av born og elevar med spesielle behov. På sikt meiner vi at det er lønt å ta tidleg tak i slike problem. Vi veit at når vi hjelper born og unge fram, då hjelper vi òg familiane. Dette er ei av kjernesakene til SV. Dette veit veljarane, og difor bør dei stemme på oss. SV er i mot dei gigantiske vegprosjekta. SV går i staden inn for bygging og oppgradering av vanlege tofeltsvegar med gul midtstripe. Dette er den sentrale og lokale politikken. Stad kommune blir ein langstrakt kommune. Vi vil jobbe opp i mot stat og fylke for å få hovudvegane med gul stripe. Vi har òg mange kommunale vegar som treng opprusting. Vi trur at dersom vi brukar midlar lokalt i kommunen framfor å sponse dei store prosjekta, vil vi kunne gjere meir. Eg trur mange av veljarane i Stad kommune er opptatt av dette. SV jobbar for desentralisering, kollektivtransport, miljøet, likestilling, born og ungdom, pensjonistar, dei fattige og for dei svakaste. Lokalt er det fleire parti som meiner det same som oss, men for SV er politikken den same sentralt og lokalt. Dette gjer SV meir truverdig enn dei fleste andre parti.

– Kvifor vil du bli ordførar?

– Det beste valet for Stad kommune vil vere å få ein SV-ordførar, ein som bryr seg om folk, og er frå eit parti med slagordet: for dei mange – ikkje for dei få.

– Kva er det første du vil gjere som ordførar?

– Dersom det er ein stillingsinstruks for ordføraren, vil eg lese den fyrst. Deretter vil eg helse på alle eg skal jobbe i lag med. Etterpå vil eg sette opp ei liste over alle dei viktige sakene som vi har lova veljarane våre. Den vil eg henge opp på veggen slik at eg heile tida skal bli mint på korleis og kvifor eg fekk denne jobben.

– Kven vil ditt parti samarbeide med etter valet?

– Vi har ikkje tatt stilling til dette enno. Det naturlege ville vere å halde oss på venstresida, men akkurat no ser det ut som vi kan samarbeide med alle, då dei alle lovar det same. Dei fleste legg vekt på å halde oppe gode tenester i skule, helse og omsorg, eldreomsorg o.l. Det er kanskje like greitt å vente til valet er over før vi tek endeleg standpunkt til samarbeid.

– Kva blir det beste med Stad?

– Det beste med samanslåinga av kommunane er vi får meir eigarskap til kvarandre. Vi har i Selje kommune blitt gradvis meir retta inn i mot Nordfjordeid på grunn av handel, skule, kultur og samarbeid i næringslivet. At vi no er i same kommune gjer at vi lettare kan dele og utvikle samarbeid på desse områda.

– Kva blir mest utfordrande med Stad?

– Med over ein milliard i gjeld er det ikkje berre éi utfordring for kommunen. Det å prioritere dei viktige tinga blir vanskeleg, men ikkje umogeleg dersom det er nok SV-arar i kommunestyret. Ei anna stor utfordring vi får er å sy saman kommunen med kollektivtrafikk. Slik det er i dag er det lite kollektivtrafikk som er retta mot Nordfjordeid. Frå gamalt av er det meste retta mot Måløy, og frå Selje er det der god forbindelse med buss og båt. Vi må gjere det mogeleg å få bussruter som kan nyttast for dei som bur ute på Stad og skal inn til Nordfjordeid på skule eller jobb. Det gjeld òg den andre vegen frå Nordfjordeid. Ikkje alle har bil, og ungdomar er heilt avhengige av å bli køyrt dersom dei ikkje har sertifikat. Til dømes er det vanskeleg å få lærlingar frå Nordfjordeid ut til Stad. Nokre elevar på vidaregåande skule har ikkje høve til å vekependle til Eid. Det er ikkje alle som har råd til å bu på hybel. Dei må dagpendle, og det blir ofte ein lang veg. Dette er noko som er viktig å ta tak i. No når vi blir ein kommune bør vi kunne gjere mykje meir for å få dette til.

– Kva likar du å gjere på fritida?

– Dersom det er opplett et det å kome seg ut og gjere noko fysisk arbeid det kjekkaste. Sysle i hagen, snikre eller male. Det er ei fin avkopling frå jobben, og det er kjekt å sjå at ein får gjort noko nyttig. Eg bur midt i Korsen på Leikanger, så når eg skal gjere noko, blir eg blir ofte hefta av folk som kjem forbi. Men det er kjekt det òg, sjølv om det ofte kan bli meir prat enn arbeid. I finvêret synest eg det er kjekt å gå eller sykle seg ein tur, eller fiske litt.

– Kven ville du invitert med deg på jordomsegling og kvifor?

– Eg skulle nok ynskt at kjærasten min ville vere med meg på jordomsegling. Eg har spurt, men ho likar verken vind, sjøsprøyt eller mindre båtar. Ho er nok ikkje åleine i den samanheng, eg trur nok at dei færraste ville ta ein slik tur som tek månader og kanskje med fleire veker utan vind. Men om Øystein Bakke og Rune Gokstad ville vere med på tur ville dei vere eit godt mannskap. Dei har vore på båttur før, då hadde eg hatt god underhaldning.

– Kva er ein perfekt kveld for deg?

– Når eg er åleine heime, og det er stilt i heimen, kan eg fintenke, programmere og lage rask og god kode til programma er har laga. Dersom eg får avslutte kvelden med ein god dokumentar på NRK1 blir det heilt perfekt. Men når familien er heime, er det god mat, tullprat og alvorleg prat, sofaen, dessert og gjerne ein god film.

– Kva høyrer du på i bilen?

– Eg køyrer lite bil i vekene, det er som regel mellom Stadlandet og Nordfjordeid. På storparten av denne strekninga har eg dekning på DAB. Då høyrer eg som regel på NRK Sogn og Fjordane, men sveipar innom andre tilfeldige kanalar for å høyre på noko anna. Nokre klagar på programma og reklame på radioen, eg er godt fornøgd når eg har dekning.

Stad SV sine viktigaste saker:

Oppvekstvilkåra til barn og ungdom.
Klima og miljø.
God samferdsel gjennom heile den langstrakte kommunen.

Slik ser heile lista til Stad SV ut:

1 Håkon Sjåstad 1956 Stadlandet

2 Rita Karin Nyland 1971 Nordfjordeid

3 Bent-Inge Borgund 1975 Nordfjordeid

4 Siv Olaug Emdal 1960 Nordfjordeid

5 Mohamed Abdi Sheikh 1970 Nordfjordeid

6 Sara Røe 1991 Nordfjordeid

7 Gert Meyer 1954 Bryggja

8 Jorunn Elfrida Sandvik 1956 Hjelle

9 Doris Anne Eide 1955 Venøy

10 Bjørn Arild Østby 1952 Nordfjordeid

11 Jeanette Løvold 1978 Nordfjordeid

12 Svein Mikal Vidnes 1972 Nordfjordeid

13 Caliyo Mohamed Abdi 1997 Nordfjordeid

14 Victoria O. Humborstad 1998 Nordfjordeid

15 Michael Pavelich 1954 Haugen

16 Vigids Heimdal Reksnes 1982 Stårheim

17 Irene Stokker 1947 Bryggja

18 Ester Lauren Andreassen 1953 Årsheim

19 Bereket Welday 1986 Nordfjordeid

20 Herdis Johanne Bergset 1960 Nordfjordeid

21 Inga Bodil Sønderland 1947 Nordfjordeid

22 Jørgen Rolighed Bergset 1960 Nordfjordeid