Desse leiar showet når millionen skal delast ut

Gjennom Hjartebank skal Sparebanken Vest dele ut 1 million kroner til lag og organisasjonar på Nordfjordeid.

Desse to leiar showet når Sparebanken Vest skal dele ut 1 million kroner til lag og organisasjonar på Nordfjordeid. Foto: VG  

Nyheter

Hjartebank støttar arbeid som skjer i lokalmiljøa på Vestlandet. Totalt skal 1 million kroner delast ut på sju stadar, og banken ønskjer no søknadar til prosjekt som kan bidra til eit rikt lokaltilbod.

– Samfunnet eig 75 prosent av Sparebanken Vest. Overskotet frå banken blir brukt til å finansiere initiativ som gjer lokalmiljøa våre levande, inkluderande og inspirerande. Difor arrangerer vi Hjartebank i år også, seier Wenche Myhre, banksjef i Sparebanken Vest, i ei pressemelding.

Sparebanken Vest ønskjer at innbyggarane i Eid Kommune skal kunne påverke noko av det prosjektmidlane til banken går til, og oppmodar så mange som mogeleg om å kome med forslag.

– Hovudkriteriet for å få midlar er at prosjekta bidrar til å gjere Nordfjordeid til ein enda betre plass å bu, seier Wenche Myhre, og forklarar at organisasjonar, lag og klubbar med eiga organisasjonsnummer og tilhøyrsle i Eid kommune kan søke. Privatpersonar kan også søke på vegner av organisasjonar som dei brenn for.

Normalt er det mellom åtte og ti prosjekt som får midlar. Vinnarane blir offentleggjorde og feira under ein gratiskonsert i Eid idrettshus med kjente artistar. Duoen Harm og Hegseth, kjend frå mellom anna VGTV, leiar showet.

– Vi skal lage ein skikkeleg folkefest. Det å få heidre organisasjonsarbeidet på Nordfjordeid med eit slikt show er stas, seier Wenche Myhre.