Refsar fylkesordføraren

Naturvernforbundet skuldar Jenny Følling (Sp) for lovstridig handtering av avslaget på vindkraftparken på Bremangerlandet.

Fylkesordførar Jenny Følling må svare for seg. arkivfoto 

Nyheter

Det skriv NRK. Naturvernforbundet meiner Følling var ugild då ho på vegner av fylkeskommunen engasjerte seg i avslaget til vindkraftparken. Erik Solheim i Naturvernforbundet reagerer på at Følling er styremedlem i interesseorganisasjonen Vindkraftforum Sogn og Fjordane. Det er også utbyggjaren av vindkraftverket.

– Dette er rotete og skadeleg handtert, seier han, og viser til det han meiner er rolleblanding. Følling stiller seg heilt uforståande til reaksjonen.

– Solheim prøver å dømme nokon ut av saka, fordi han ikkje likar standpunkta. Eg tykkjer det er ganske utidig.