Håpar veljarane vil krysse kvinner

Tysdag møttest 17 politisk engasjerte kvinner frå Stad kommune for å diskutere kjønnsbalanse i lokalpolitikken. – Vi må gå til kamp med desse garva karane, seier initiativtakar og ordførarkandidat Siri Sandvik (Ap).

Siri Sandvik (framme) er fornøgd med at 17 kvinner møtte for mellom anna å diskutere kjønnsbalanse i politikken. Dei oppmodar om å krysse av for å løfte kvinnene. – Med så mange engasjerte og flotte damer har eg stor tru på nye Stad kommune, seier ho. Foto: Julianne Flølo  

Nyheter

Blant dei frammøtte var både representantar frå SV, Høgre, Venstre, Frp, Ap og Tvp. Korleis oppnå betre kjønnsbalanse i kommunestyra var ein av sakene som vart diskutert.