Høg temperatur prega debatten

Det var høg temperatur og stort engasjement då det vart arrangert paneldebatt på Måløy vidaregåande skule.

Det var høg temperatur og stort engasjement då det vart arrangert paneldebatt på Måløy vidaregåande skule. Foto: Julianne Flølo  

Nyheter

Fredag var det duka for paneldebatt og valtorg på Måløy vidaregåande skule. Skule, miljø, abortlov og lærlingplassar var noko av det som vart debattert.

Etter debatten møtte Fjordenes Tidende nokre av førstegongsveljarane som var på plass i publikum.

- Vi har vel ikkje heilt bestemt oss for kva vi skal stemme. Det er ganske vanskeleg å få med seg kva dei ulike partia meiner, seier Mirjam Aase og Celine Mork som begge går siste året på studiespesialiserande ved MVS.

Jentene fortel at det ikkje er noko spesielt som opptek dei, men trekk likevel fram skule og abortlov som ting dei bryr seg om.

– Og så er det viktig med god politikk for distrikta, seier Sara Hove frå Selje.

Les meir om debatten i tysdagsavisa.