Høgt smell skuldast jordskjelv

Det som beskrivast som eit høgt smell i Nordfjordeid sentrum skal ha vore eit jordskjelv.

Illustrasjonsfoto 

Nyheter

Det melder politiet like etter klokka 21 i kveld.

Politiet har vore i kontakt med jordskjelvstasjonen i Bergen.

- Det skal ha vore eit jordskjelv i området som har gitt utslag på fleire av deira målestasjonar, skriv politiet.

Det er uvisst kor episenteret er.

Det er ikkje registrert skadar, og ifølgje jordskjelvstasjonen skal det vere snakk om eit lite skjelv - noko som svarar til 2,6 i styrke. Skjelvet er registrert i området rundt Stårheim, skriv politiet i ei oppdatering.