Kommunestyre- og fylkestingsval 2019:

Meiner naboen må med

Om Gustav Johan Nydal (KrF) blir ordførar er det første han vil gjere å samle partia i kommunen for å legge ein felles strategi for utvikling av Kinn kommune, samt å legge ein strategi for korleis ein skal få Bremanger med i Kinn. Foto: Privat  Foto: Privat

Nyheter

Namn: Gustav Johan Nydal
Alder: 59
Bustad: Brandsøy
Yrke: Sivilingeniør og forretningsutviklar

Ordførarkandidat Gustad Johan Nydal (KrF) vil legge ein strategi for korleis ein kan få Bremanger med i Kinn kommune.

– Kva er det beste med ditt parti?

– Vi er eit sentrumsparti og har gode kandidatar på lista

– Kvifor vil du bli ordførar?

– Fordi eg meiner at eg kan samle Kinn kommune på tvers av partigrenser og geografiske skiljeliner. Med mi erfaring som politikar og som bedriftsleiar har eg den erfaring som er naudsynt for å kunne gjere ein god jobb som ordførar.

– Kva er det første du vil gjere som ordførar?

– Å samle partia i kommunen for å legge ein felles strategi for utvikling av Kinn kommune, og å legge ein strategi for korleis vi skal få Bremanger med i Kinn.

– Kven vil ditt parti samarbeide med etter valet?

– Det kjem an på valresultatet, men vi kan samarbeide med dei fleste og er klare til å ta ansvar i samarbeid med andre for å få på plass ein fleirtalskonstellasjon for val av ordførar og for å få på plass eit berekraftig budsjett for kommunen.

– Kva blir det beste med Kinn kommune?

– Vi har to senter med store utviklingsmogelegheiter, ein flott natur, dyktige innbyggjarar og eit variert næringsliv.

– Kva blir det mest utfordrande med Kinn kommune?

– At vi ikkje heng saman geografisk. Det er difor umåteleg viktig å få med Bremanger.

– Kva likar du å gjere på fritida?

– Friluftsliv, jakt, fiske og fjellturar til fots og på ski. Samtidig er eg hobbybonde og likar å drive med gardsarbeid på fritida. Elles er det Kinnaspelet, kyrkje og kulturliv.

– Kven ville du invitert med deg på jordomsegling?

– Det er vel lite aktuelt, men det måtte i så fall vere ei blanding av familie, vener og eit internasjonalt team slik at vi kunne ha god kulturutveksling på seglturen.

– Kva er ein perfekt kveld for deg?

– Å reise ut på sjøen med båten og nyte solnedgangen etter ein travel dag.

– Kva høyrer du på i bilen?

– Radio, og mest på NRK P1 og NRK Sogn og Fjordane.

Kinn KrF sine viktigaste saker:

Å sikre ein trygg oppvekst for alle.

Å bidra til å skape arbeidsplassar ved å sikre gode vilkår for utvikling.

Å få Bremanger med i Kinn Kommune.

Slik ser heile lista til Kinn KrF ut:

1 Gustav Johan Nydal 1960 Flora
2 Dag Almenning 1942 Vågsøy
3 Aud Norunn Vig 1984 Flora
4 Knut Byrkjeland 1960 Flora
5 Olfrid Morotaie 1941 Flora
6 Kristian Nordal Berentzen 1990 Flora
7 Frode Kvalheim 1964 Vågsøy
8 Ellinor Lillestøl 1956 Vågsøy
9 Dumitru Mihail Sora 1979 Flora
10 Karen Margrethe Stubhaug 1944 Flora
11 Trond Øien 1966 Flora
12 Ruth Lilly Hafstad 1951 Flora
13 Torbjørn Lysne 1956 Flora