No snur også dette partiet i vindkraftsaka

Bremanger Ap snur i debatten om vindkraft i Bremanger og seier no nei.

Ordførarkandidat Anne Kristin Førde i Bremanger Ap. Paritet seier no nei til vindkraft. Foto: Privat  Foto: Privat

Nyheter

Det skriv Firdaposten.

"Den store merksemda denne saka spesielt og vindkraftutbygging generelt har fått i media og i lokalsamfunna i kommunen vår kan ikkje undervurderast"-heiter det i ei uttale frå lokallaget i Ap. No seier dei nei.

Bremanger Arbeidarparti har hatt spørsmålet om vindkraftutbygging på Bremangerlandet oppe til behandling i medlemsmøte torsdag 22.8.2019.

Bremanger arbeidarparti har programfesta at:

«Bruken av naturressursane skal vere på eit slikt nivå at ein ikkje øydelegg for framtidige generasjonar. Denne tankegangen må vise i all kommunal forvaltning og anna verksemd i alle samanhengar».

Bremanger Arbeidarparti meiner at det er uheldig at situasjonen er blitt slik at ein må ta stilling til denne saka før ein har fått MTA planen for prosjektet opp til behandling i styrande organ.

Samtidig melder Firdaposten at Bremanger Sp utset å ta stilling til saken.