Politiet avslutta heimefest med mindreårige

Illustrasjonsfoto: Erling Wåge  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Litt etter klokka 22.00 fredag kveld vart politiet kontakta om ein fest i eit privathus i Vågsøy der rundt 30 mindreårige under 18 år var samla til heimeåleinefest.

Vaktleiar ved Vest Politidistrikt, Dag Olav Sætre, seier til Fjordenes Tidende at det heile var nokså udramatisk.

Men politiet var uroa over at det var så mange mindreårige festdeltakarar under 18 år som var rusa på alkohol.

Sætre seier lokalt politi i Vågsøy vil følgje opp det som skjedde