Dei politiske partia i nye Stad kommune ønskjer å rette merksemda mot det første valet til Fylkestinget i nye Vestland fylke, og utfordre fylkestingskandidatane i viktige saker for Nordfjord.
Partia i Stad kommune arranger difor i fellesskap det aller første politiske debattmøtet i Nordfjord om nye Vestland fylke - fredag 30. august på Amfi Nordfjord.
Viktige tema på møtet blir:
• Vidaregåande skule: Er eit nytt fylke eit trugsmål for skulane i Nordfjord?
• Samferdsle: Korleis få Nordfjord til å «henge saman» med resten av Vestland?
• Offentlege kompetansemiljø og arbeidsplassar: Har nye Vestland høgare eller lågare ambisjonar for Nordfjord enn «gamle» Sogn og Fjordane?
• Næringsutvikling, berekraft og grøn nyskaping
I staden for eit tradisjonelt valmøte på kveldstid for «spesielt interesserte», ønskjer vi å flytte debatten ut ein stad der folk allereie er: På Amfi Nordfjord – det største kjøpesenteret i Nordfjord – ein fredag ettermiddag, skriv arrangørane i ei pressemelding.
Alle partia stiller med fylkestingskandidatar til møtet. Dei som deltek i debatten er som følgjer:
Arve Helle, 2. kandidat Vestland Ap
Gunhild Berge Stang, 1. kandidat Vestland V
Hogne Bleie, 10. kandidat Vestland Frp
Sigurd Reksnes, 7. kandidat Vestland Sp
Sonja Øvre-Flo, 9. kandidat Vestland H
Stein Robert Osdal, 5. kandidat Vestland KrF
Åsmund Berthelsen, 2. kandidat Vestland SV