Byr på både storstilt opera og eigen julekonsert i haust

Det kunstnariske teamet i operaen Hans og Grete lovar ein ekte eventyropera med magi, skrekk og gru, humor, glede og uvanleg vakker musikk.

Opera i Haust: Det kunstnariske teamet i Operaen Hans og Grete: Jeff Pedersen, Åse Hegrenes, Michael Pavelich, Marianne Thallaug Wedset, Anndi Bergset, Candice Bredesen, Gareth Taylor og Ingunn Schumann Mosand. Pressefoto 

Nyheter

Måndag 2. september gjekk startskotet for dei første regiprøvene i operahuset i Bjørvika, før solistane set kursen vestover og møter kor og dansarar på Nordfjordeid 14. september. Det kunstnariske teamet og dei lokale dugnadsgruppene er i gang med å førebu kulisse-, kostyme- og lysarbeid, og dei neste seks vekene vert det nedlagt tusenvis av timar for å få produksjonen sceneklar til premieren onsdag 2. oktober. Heile åtte framsyningar vil gi nærmare fire tusen publikummarar ein sjanse til ei stor oppleving.

Og endeleg, i desember kan Opera Nordfjord for første gong innby til sin eigen julekonsert. Det er operaen si førjulsgåve til publikum, med kjende og kjære julesongar, både norske og internasjonale. Med symfoniniorkester, eit samansett kor frå heile regionen og solistar Lise Granden Berg og Alexander Standal Pavelich.