Førebelse tal viser at Sp er kraftig fram i Bremanger

Ap er største parti, men Sp går kraftig fram. Det er hovudtrenden i Bremanger når førehandsstemmene er talde opp.

Ap er største parti, men Sp går kraftig fram. Det er hovudtrenden i Bremanger når førehandsstemmene er talde opp. Foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

Når 617 av stemmene i Bremanger er talde opp, er status at Sp med førstekandidat Magne Ivar Kjerpeseth går fram 8,6 prosentpoeng til 27,9. Ap med førstekandidat Anne Kristin Førde er tilbake 1,9 prosentpoeng, men likevel det største partiet i Bremanger med 32,8 prosent oppslutnad.

Sp har før valet markert seg som eit vindkraftvennleg parti. Det var på førehand knytt ei viss spenning til korleis dette ville slå ut. Men utifrå førehandsstemmene er det lite som tyder på at dette standpunktet har øydelagt for partiet. Sp er partiet som i sterkast grad har markert seg mot reformar mange tek til inntekt for sentralisering. Det er grunn til å tru  at noko av framgangen til Sp kan skuldast kampen mot samanslåing med Kinn.

Venstre med toppkandidat Svein Olav Senneset går også fram. Partiet som har markert seg med eit klart nei til Bremangerlandet vindpark, går fram 3,9 prosentpoeng til 18,1.

Den store taparen ser ut til å bli Høgre som har den sitjande ordføraren. Partiet med førstekandidat Elisabeth Birkeland Hatlenes er tilbake 10,4 prosentpoeng, til 11,3,  basert på førehandsstemmene.

SV med førstekandidat Norvall Klungresæter er fram 2,7 prosentpoeng til 6,5 – eit parti som har markert seg med eit tydeleg standpunkt mot vindpark på Bremangerlandet.

KrF med førstekandidat Rune Nordbotten er tilbake 2,9 prosentpoeng til 3,3.

Når det gjeld ordførarvalet, ser det ut til å kunne gå mot Anne Kristin Førde (Ap), men ein konstellasjon av Sp, V og H vil kunne sikre fleirtal for Kjerpeseth.