Fekk 47 søknadar til tre stillingar

Då Skatteetaten på Nordfjordeid lyste ut nye stillingar i samband med at kontoret skal løyse nasjonale oppgåver, melde 47 kvalifiserte søkjarar seg.

ID-kontroll: Dette er Skatteetaten på Eid sitt andlet utad. Her kan skatteytarar og gjestearbeidarar frå heile landet få rettleiing og utføre ID-kontroll, berre ein har tinga time på nettstaden til Skatteetaten. Frå venstre underdirektør og kontorleiar Monica Mundal, saksbehandlar Anne-Britt Øen Nygård, saksbehandlar Hildegunn Olsen og sommarvikar André Ervik. Begge foto: JØRN-ARNE TOMASGARD  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

– Vi stilte krav om minimum bachelorgrad. Alle søkjarane innfridde kravet. Mange hadde master, og det var juristar blant søkjarane. Vi lyste i utgangspunktet ut tre stillingar, men sidan vi hadde så mange gode søkjarar, fekk vi tilsette fire, seier underdirektør Monica Mundal, kontorleiar for Skatteetaten på Nordfjordeid.