Har tilsett fem og flytta inn i nye lokale

MMR Ocean Blue leverer frå første dag

Ved å skape arbeidsplassar og eit marint forskarmiljø i Vågsøy håpar MMR Ocean Blue på auka tilflytting til regionen. No leverer dei sjølv på intensjonen frå dag ein. Forskar Renate Bøe er ein av fleire som har flytta heim til ein jobb i selskapet.

Har etablert seg: Her er tre av dei fem som så langt er tilsett i Måløy Marine Ressurssenter Ocean Blue. Frå venstre forskar Renate Bøe, dagleg leiar Roger Bergset og økonomi- og administrasjonsleiar Trond Briskeby. Verksemda har kontoradresse i Gate 1, 215. Foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Eg er veldig glad for å ha fått denne sjansen, for planen har alltid vore å flytte heim til Måløy.

Renate Bøe, MMR Ocean Blue
Nyheter

Bøe er ei av to unge kvinner med mastergrad frå Vågsøy som er byrja jobbe i forskarstilling i nyetablerte MMR.