Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019:

Stemmene er forsinka

Valresultatet frå Stad kommune er ikkje venta før klokka har passert midnatt.

Representantane frå Senterpartiet må i likskap med dei andre partia vente ei god stund til før dei får valresultatet. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

Valurnene i gamle Selje kommune skulle køyrast til Nabben i Selje sentrum og teljast der. Dette har tatt lengre tid enn venta, og stemmene er først venta å kome til Eid når klokka har passert 23.

– Der skal stemmene teljast ein gong til. Hadde ein lagt ut stemmene no hadde ein fått eit resultat som viste kva veljarane i Eid og på Bryggja har stemt, så difor ventar ein med å legge ut resultatet til alle stemmene er talt opp, forklarar leiar i valstyret, Alfred Bjørlo (V).