To bilførarar fekk prikkar for ulovleg mobilbruk

Foto: Erling Wåge  Foto: Foto: Erling Wåge

Nyheter

Utrykkingspolitiet hadde kontroll av trafikken på Rv 15 på Almenningsfjellet i Vågsøy i dag, måndag.

To bilførarar fekk prikkar og bot for å ha snakka ulovleg i mobiltelefon.

Tre bilførarar fekk bøter for å ha køyrd for fort i 80-sonen. Up opplyser at høgste fart var 95 kilometer i timen.