Tok skilta på bilen der det var tukla med fjørene

Illustrasjonsfoto: Erling Wåge  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Statens vegvesen har hatt trafikkontroll på rv. 15 på Kjøs i dag. 30 køyretøy vart kontrollerte, opplyser dei.

To førarar fekk gebyr for manglande dokument. Det vart utferdiga mangellapp for tekniske manglar på to køyretøy.

Eit vogntog var for tungt og dette førte til eit gebyr på 3.350 kroner. I tillegg måtte føraren laste av på staden. Ein førar måtte rydde i frontruta.                                                                                                     

Eit køyretøy vart tatt med tilbake til trafikkstasjonen for kontroll. Under kontrollen vart det avdekt at fjørene framme var kappa.

- Dette er noko vi ser svært alvorleg på. Køyretøyet vart avskilta på staden, opplyser Ove Magne Garlid i Statens vegvesen.