Kommunestyre- og fylkestingsvalget 2019:

– Litt underleg å vere skuffa over 28 prosent

Sjølv om Senterpartiet i Stad nådde nær 28 prosent valoppslutnad var det ein skuffa ordførarkandidat.

Senterpartiet hadde eit mål om å nå rundt 35 prosent, men enda på 27,7. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

– Eg må takke alle som stemte på oss, for det er veldig mange som har gjort det. Men det ser vanskeleg ut å nå ønsket vårt om å kome i posisjon, når ein ser kven som er og forhandlar, seier ordførarkandidat Paul Jacob Helgesen (Sp).