Byggjer solid kompetanse på nybygg

Måløy Verft skal bygge ei elektrisk ferje som skal frakte passasjerar frå fastlandet til Ole Bull sin heim i Os kommune. Kontrakten er verdt 20 millionar kroner og bidrar til at Vågsøy-verksemda sikrar seg meir kompetanse på nybygg.

Målø Verft skal bygge den nye passasjerferja MS Ole Bull, som skal frakte passasjerar frå fastlandet til Ole Bull sin heim. Kontrakten er verdt 20 millionar kroner, og dagleg leiar ved verftet, Kristian Lundebrekke, fortel at dette er eit prosjekt dei byggjer solid kompetanse på. – Båten skal vere inspirert av villaen og vere fin. Vidare var det viktig for reiarlaget med miljøfokus. Dette er også viktig for oss, så der treft vi spikaren på hovudet, slår Lundebrekke fast. Illustrasjon Nordwest 3D  Foto: Nordwest3D

Dette er ei oppgåve som passar midt i blinken for oss.

Kristian Lundebrekke
Nyheter

– Vi har funne vårt segment. Sjølv om det er store skilnader på fartøya vi har bygd til no, går det ein raud tråd frå Barmøyferja til MS Ole Bull. Det skal gjerast innovativt, miljøvenleg, skikkeleg og fint. Ferja er større og har større system, medan Ole Bull er mindre og med det kjem andre typar utfordringar. Men vi bygger veldig solid kompetanse på slike prosjekt, seier dagleg leiar Kristian Lundebrekke ved Måløy Verft.