Lovar å kjempe hardt for Nordfjord

Sigurd Reksnes (Sp) blir den lokale representanten på fylkestinget i nye Vestland. Han seier drivkrafta hans er å vere ei stemme for Nordfjord.

Sigurd Reksnes (i svart t-skjorte) under valdebatten på kjøpesenteret på Eid i forkant av valet. Med mikrofonen er Arve Helle (Ap) som også er inne. Det same er Sonja Øvre-Flo (H, i grå jakke) og Gunhild Berge Stang (V). Stein Robert Osdal (KrF, i gul t-skjorte) får derimot ikkje fast plass slik det ser ut. Arkivfoto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

To av dei totalt 65 nye fylkestingsrepresentantane i Vestland har adresse i Nordfjord. Det er Sigurd Reksnes (Sp) frå Haugen i Eid og Sonja Øvre-Flo (H) frå Stryn.