Nytt senter skal ta vare på historia

Behovet for eit kunnskapssenter vart omtala allereie ved tusenårsjubileet for Selja for over 20 år sidan. No undersøker kommunen moglegheitene for å byggje eit moderne kunnskapssenter.

Det er Blåmyra designstudio med Maria Vengen (f.v.), Sunniva Djupedal og Therese Lien Smenes som har utarbeidd konseptskissa for kunnskapssenter og pilegrimstun. Arkivfoto 

Nyheter

– Selje har i mange år vore eit naturleg sentrum for pilegrimar og andre som er opptekne av kultur og historie. Klosteret har vore eit fyrtårn i reiselivet, og Selje Hotel var blant dei som fokuserte mykje på dette tidlegare. Men dei siste åra har det vore ei forvitring av denne satsinga, og vi har leita lenge etter korleis vi kan kome på offensiven, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF).