Kommune- og fylkestingsvalet 2019:

Overraska over å vere nest største parti i Vågsøy

Frontfiguren og ordførarkandidaten til Kinn Raudt, Geir Oldeide, er utan tvil ein av dei store valvinnarane i Vågsøy i kommunevalet.

Geir Oldeide frå Kinn Raudt smilte om kapp med sola dagen etter kommunevalet. Foto: Erling Wåge  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Eg hadde i beste fall håpa på å få tre representantar i nye Kinn kommune. Når vi får fire representantar så er det utruleg gledeleg, seier Oldeide som skein om kapp med sola dagen etter valet.