Kommune- og fylkestingsvalget 2019:

Raudt på vippen i Vestland fylke

Dei raudgrøne har fleirtal i det nye fylkestinget i Vestland, men er avhengig av støtte frå Raudt slik det ser ut når vel 93 prosent av stemmene er talde opp.
Nyheter

Ap er det største partiet i Vestland med 20,4 prosent av stemmene. Dette er likevel ein tilbakegong på 11,8 prosentpoeng. Senterpartiet har ein oppslutnad på 15,8 prosent, fram 4,7 prosentpoeng. Miljøpartiet dei grøne går fram 1,9 prosentpoeng til 7,0, SV går fram 1,6 prosentpoeng til 6,3.