Fekk den første makrellstørja i testfiske med line

Anfinn Ervik og André Hoddevik fekk den første makrellstørja av linebåtane som er plukka ut til testfiske. Størja var på 160 kg.

Mannskapet om bord på M/S «Rosøy» jublar over å ha fått på land den første makrellstørka teken på line i samband med kommersielt prøvefiske.  Foto: Privat

Nyheter

– Det var rimeleg heftig for å seie det slik. Vi var eit par timar nordvest for Stad og kasta ut ein fjerdedel av bruket for å sjå om alt fungerte. Det var første kastet. Plutselig vart det tungt. Teknikaren vi hadde med reagerte med ein gong og sa det er fisk på lina. Vi var usikre på om det var kveite eller størje. Du kan seie pulsen steig ganske kraftig, fortel Ervik.