Kystvakta las regelverket feil - inndrog teiner

Leiar i Bremanger Fiskarlag Runar Grotle påpeikar kor viktig det er at Kystvakta er oppdatert på regelverket etter at fleire fritidsfiskarar i helga urettmessig fekk inndregne krabbeteinene sine.

Leiar i Bremanger Fiskarlag Runar Grotle påpeikar kor viktig det er at Kystvakta er oppdatert på regelverket etter at fleire fritidsfiskarar i helga urettmessig fekk inndregne krabbeteinene sine. Foto: privat 

Nyheter

– Søndag føremiddag fekk eg telefon frå ein kar som hadde fått teinene sine inndregne av Kystvakta. Både merking og tal opningar i teinene var heilt rett, men Kystvakta meinte at det var helgefreding på krabbefiske ifølgje punkt 1 i forskrifta, og skulle i tillegg til å inndra teinene også politianmelde forholdet, fortel Grotle.