Skuffa over valresultatet og eit mandat mindre enn før

Høgre, partiet med den sitjande ordføraren, gjekk tilbake 6,5 prosentpoeng til 15,2 prosent.

Ikkje fornøgd: Listetopp Elisabeth Birkeland Hatlenes (H) er ikkje fornøgd med tilbakegang i valoppslutnad og å ha mista eit mandat i kommunestyret i Bremanger. Foto: Ingrid E. Haugen 

Nyheter

– Vi er ikkje nøgd med tilbakegang, og er skuffa over å miste eit mandat i kommunestyret. Men vi skal «brette opp ermene» og stå på for å få gjennomslag for god Høgre-politikk i Bremanger den komande fireårsperioden, seier listetopp Elisabeth Birkeland Hatlenes.