Vil ikkje privatisere kommunen sin

– Blir eg ordførar i Bremanger, blir det nok ikkje lagt opp til privatisering av offentlege tenester, seier Anne Kristin Førde (Ap).

Favoritt: Alt tyder på at Anne Kristin Førde (54) frå Arbeidarpartiet blir den nye ordføraren i Bremanger. Då avisa gjekk i trykken, var det ikkje endeleg slege fast, men partiet hadde «gode samtalar» med Senterpartiet onsdag kveld, og kom så langt som til å diskutere posisjonar. Foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

Som tillitsvald utvalsleiar i Fagforbundet Sogn og Fjordane har Førde jobba spesielt med oppfølging av fagforeiningar som står overfor privatisering i det offentlege. No kan ho bli ordførar i Bremanger, og i så tilfelle blir Førde den første kvinnelege ordføraren i kommunen.