Kampen om makta i Kinn:

«Småpartia» er i samtalar med Senterpartiet

Etter det Fjordenes Tidende forstår så er Venstre i Samtalar med senterpartiet og fleire andre parti. Jacob Nødseth (t.v.) og Nils Myklebust (t.h.). Foto: Fjordenes Tidende. 

Nyheter

Spelet om makta i nye Kinn kommune pågår for fullt på fjerde døgnet etter valet på måndag.

Etter at Arbeidarpartiet trekte seg ut av forhandlingane med Senterpartiet, Raudt, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne i dag, fredag, så kan Venstre vere på veg inn i Arbeiderpartiet sin plass i desse samtalane.


Arbeidarpartiet ville ikkje ha ny folkerøysting:

Forhandlingane mellom «fiendane» har havarert

 

Fredag kveld er det få som vil kommentere statusen om kven som snakkar med kven i spelet om posisjonar, verv og politisk plattform i nye Kinn kommune. Det heile verkar som at alle leitar etter løysingar der politiske målsettingar og posisjonar.

Men etter det vi forstår så jaktar Senterpartiet og Raudt på parti som kan vere med på at det skal gjennomførast ei folkerøysting i løpet av kommande fire-års-periode.

Etter det vi forstår så er dei to partia i sonderingar med Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Sosialistisk Venstreparti. Klarer desse fire partia å einast om politisk plattform og fordeling av verv og posisjonar, så har dei det nødvendige fleirtalet på 20 ved ei røysting.

Vil ikkje bekrefte

Forhandlingsleiar i Senterpartiet vil verken bekrefte eller avkrefte at denne grupperinga er i forhandlingar.

- Alt er ope no. Vi er i samtalar med mange. Og skulle det forme seg ut ei gruppering så skal vi gjere det på ein ryddig måte. Då skal medlemmene mine i det nye kommunestyre seie sitt. Vi har fått eit mandat av veljarane og det skal vi utføre med respekt, seier Myklebust.

Han vedgår at det har vore krevjande forhandlingar og at det er vanskelege samtalar.


Personstemmer sikra dei plass i kommunestyret

Fleire representantar på partilistene gjorde store byks etter at personstemmene var talt opp. Personstemmene sørga også for at representantar som hadde hamna utanfor kommunestyret no er med.

 

Raudt sin ordførarkandidat, Geir Oldeide, vil heller ikkje bekrefte eller avkrefte spekulasjonar om kva som skjer no.

- Vi er opptekne av å ha ryddige samtalar med kven det måtte vere, og samstundes vere tydelege på kva som er vår politikk, seier Oldeide.

Jakob Nødseth er uvanleg ordknapp når det gjeld samtalar og eventuelle forhandlingar. Han seier som mange andre sentrale aktørar i dette spelet no, det er mange som snakkar med mange.

Han ynskjer ikkje å kommentere spekulasjonar om dei samtalar med Senterpartiet, Raudt, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne

Fryktar for bygginga av ny kommune

Framstegspartiet sin Frank Willy Djuvik veit ikkje så mykje kva som skjer utover at det er mange som snakkar i lag.

Han håpar at dei som vil utvikle Kinn til noko godt både for innbyggarar og for fellesskapen klarer å danne eit fleirtal.

- Eg fryktar at dersom det kjem ei folkerøysting i komande periode, så kan det føre til å stanse all utvikling. Då blir det meste sett på pause. Det tener ingen, seier Djuvik.

Høgre sin Morten Hagen seier til Fjordenes Tidende at dei har dørene opne i alle leirar, og at dei kan samtale om det meste, men at dei ikkje er i konkrete forhandlingar endå.