Leiar:

– Det blir spennande å sjå korleis dei nye som skal styre vil samarbeide om utvikling og vekst

Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 13. september. Illustrasjonsfoto: Erling Wåge  Foto: Erling Wåge

Det blir spennande å sjå korleis dei nye som skal styre vil samarbeide om utvikling og vekst.

Erling Wåge, redaktør
Nyheter

Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 13. september.

– Det blei spennande å sjå korleis dei nye som skal styre vil samarbeide om utvikling og vekst

Måndag var ein historisk dag for mange som skulle stemme på parti og lokalpolitikarar i nye kommunar for første gong. I Stad kommune vart Venstre den store vinnaren som enda opp med over 36 prosent av stemmene. Det er ei bragd at sittande ordførar, Alfred Bjørlo og partiet hans som har gått i bresjen for samanslåinga av Selje og Eid kommunar til Stad kommune, får ei slik enorm støtte. Dette er motsett av støtta Venstre opplever på landsbasis. Dette er eit godt utgangspunkt for å bygge og utvikle den nye kommunen på ein god måte.

I Kinn vart Arbeidarpartiet vinnaren og deira ordførarkandidat, Ola Teigen, fekk flest personstemmer. Deler ein opp Kinn så vart partiet Raudt det nest største partiet i Vågsøy etter Høgre og framfor Senterpartiet. Her vart Arbeidarpartiet taparen. Dette fortel at i Flora så har det vore mobilisert for Ap og Teigen, og at i Vågsøy så er det partia som har vore skeptiske til Kinn som fekk størst oppslutning. No blir det spennande korleis dei som skal styre den nye kommunen klarer å samarbeide om å utvikle dette til eit kraftsenter på kysten.

I Bremanger er Ap størst sjølv om dei mista eit mandat. Sp tek inn på og er nest størst og auka med eitt mandat. Spørsmålet er om Ap vil samarbeide med Sp eller med Venstre som er tredje største gruppa med fem mandat. Ap har brukt tid på samtalar med begge partia denne veka. I Vanylven vart Venstre som har hatt ordføraren valvinnaren som i Eid. Der er det avgjort at Lena Marie Landsverk Sande held fram som ordførar. Det blir spennande å sjå korleis dei som skal styre kommunane dei neste åra vil gjere det. I mange kommunar er økonomien utfordrande, og såleis kan det bli ein del politiske basketak.