Valdekninga til FjT vart lagt merke til:

– Vi i LLA kom ut av tellinga, men Fjordenes Tidende publiserte truleg ein stad mellom 30 og 40 saker valkvelden

– Mange lokalaviser hadde ei fyldig og god dekning av valkvelden. Fjordenes Tidende hadde truleg det aller høgaste talet saker.

Fjordenes Tidende hadde 10.300 unike brukarar måndag og 12.000 unike brukarar tysdag. Skjermdump frå fjt.no 

Nyheter

Det skriv Landslaget for lokalaviser (LLA) på sine nettsider.

LLA skriv at dei prøvde å halde tellinga på kor mange saker som vart publisert på fjt.no valkvelden, men kom ut av tellinga. Dei anslår at avisa publiserte mellom 30 og 40 saker i løpet av måndag kveld og natt.

– Før helga planla vi det veldig godt. Då vi kom på jobb måndag morgon visste alle kvar dei skulle vere til ei kvar tid, og kva kvar enkelt skulle gjere. Vi hadde folk ute i vallokala og på valvaker, og to-tre personar sat inne og oppdaterte på nett. Då det begynte å utvikle seg ringde vi til nøkkelpersonar, fortel redaktør Erling Wåge til LLA.

Totalt var det fem personar som jobba til klokka to om natta.

Valet vart spesielt fordi Fjordenes Tidende dekker to samanslåingskommunar, Kinn og Stad. I tillegg til Bremanger og Vanylven. Journalistane var på valvaker i Bremanger, Stad og Kinn, og intervjua og ringde nøkkelpersonar etter kvart som resultata vart klare.

Vanlegvis ligg avisa på rundt 5.000 unike brukarar på ein dag. Måndag hadde dei 10.300, tysdag 12.000.