Den første hauststormen er på veg:

Har sendt ut gult farevarsel for regn, vind og skred

Det skal bli ei heftig vêrhelg.
Nyheter

– Den første hauststormen er på veg. I løpet av laurdag vil den nærme seg Sør-Norge, og det blir kraftig vind frå vest. Vestlandet vil vere mest utsett, men det vil også bli vindfullt i fjellet og på kysten Østafjells, skriv meteorologane på Twitter.

I tillegg til mykje vind har meteorologane sendt ut gult farevarsel for jordskred og regn.

Fredag er det venta vest og sørvest liten og periodevis stiv kuling utsette stader, sterk kuling kring Stad. For det meste skya og regnbyer. Regnet kan kome som snø over cirka 1.000 til 1.200 meter. Det er også utrygt for torden.

Laurdag tar vinden seg opp og det er venta vest og sørvest periodevis stiv kuling utsette stader, sterk kuling kring Stad. Laurdag ettermiddag auking til sørleg liten storm, full storm kring Stad. Laurdag kveld dreiar vinden til sørvest. Lokalt kan det bli mykje nedbør.

Søndag meler meteorologane om sørvestlig stiv og sterk kuling, liten storm nord for Sognefjorden, full storm ved Stad. Om kvelden dreiar vinden til vestleg og litt minkande. Lokalt mykje nedbør.