Ordførarkabalen i Kinn kan vere løyst

Ho blir den nye varaordføraren

Kommuneval 2019 kinn kommune nils myklebust og sidsel kongsvik Kinn senterparti  Foto: Julianne Flølo

Nyheter

Kampen om makta i nye Kinn kommune kan vere løyst. Natt til tysdag så skal Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne ha klart å samla seg om ei politisk pålattform som kan sikre at Ola Teigen (Åp)  blir ordførar og Sidsel Kongsvik (Sp) blir varaordførar i den nye kommunen.

Det einaste som no gjenstår no er at avtalen blir forankra og godkjent av partia til dei fire forhandlingsutvala som har kome fram til den historiske avtalen.

Fjordenes Tidende får opplyst at fordeling av verv, posisjonar og kven som skal vere i formannskap og ulike utval er avklara.

I ei pressemelding som er sendt ut heiter det:

- Samarbeidsavtalen inneheld gode politiske fellesløysingar som dei fire partia er samde om å ha fokus på under bygging av nye Kinn kommune. Det å slå saman tidlegare Flora kommune og Vågsøy kommune, må ha høgste prioritet, heiter det i ei pressemelding frå partia.

- Partia er samde om å saman å bygge ein slagkraftig og framtidsretta kystkommune, basert på klima- og miljørette prinsipp der det skal vere mogleg å leve det gode liv i heile kommunen, heiter det i ei pressemelding.