– Det blir ei trolsk og magisk stemning, og det er eit høgdepunkt for oss

Laurdag 28. september er det igjen klart for utekonsert med Viltkoret i Okshola. Bildet er tatt under konserten i 2017. Arkivfoto 

Nyheter

Berit Ramsevik Kvalheim er leiar for Viltkoret som inviterer til utekonsert i Okshola laurdag 28. september. Ho vart intervjua i vår Fort sagt-spalte:

Namn: Berit Ramsevik Kvalheim

Alder: midt i livet

Adresse: Kulen, Deknepollen

Sivilstatus: gift

Hobby: veldig glad i naturen og fjellet, og likar også å lese, synge og bake


– Kva er det som gjer Okshola så eigna til utekonsertar?

– Det er eit naturleg amfi, med bakkar og flater så folk kan sitte oppover i skogsida. Og så har ein skogen rundt som gjer at det blir intimt sjølv om det er ute.

– Kva tal i rekka er denne konserten?

– Det er den sjette. Vi måtte avlyse eitt år på grunn av at det regna så masse at det blei fare på ferde for lydanlegget. Men det skal mykje til, og for det meste har vi vore veldig heldige, og ofte hatt klar himmel med stjerner og måne.

– Har denne konserten fått eit spesielt tema?

– Nei, eigentleg ikkje. Vi har rett og slett leita fram songar vi har hatt tidlegare, og sett saman ei god blanding av songar vi har likt å synge opp gjennom tidene, og songar som vi har fått gode tilbakemeldingar på frå publikum. Det er både rolege songar, og songar med litt fart og sving. Det er eit variert repertoar.

– Kan du gi oss nokre eksempel på songar de vil synge?

– Vi skal mellom anna synge Hei, New York med Lillebjørn Nilsen. Det er litt svingande musikk. Ein annan er Himmelvogna med Trond Granlund. Og så har vi jo Hjerteknuser med Kaizers Orchestra, litt Abba og mykje forskjellig.

– Kven passar konserten for?

– Den passar for alle, små og store. Alle som klarer å komme seg opp i skogen!

– Korleis kjem ein seg dit?

– Ein kan parkere nede ved Skavøypoll skule og så finn ein lett vegen til Okshola. Men om nokon treng hjelp, så ta kontakt med oss. Vi har moglegheit til å køyre heilt fram om nødvendig.

– Treng ein å ta med seg noko?

– Gode, varme kle og sitteunderlag. Vi serverer gratis kakao og kaffi, og folk må sjølvsagt gjerne ta med seg litt mat om ein har lyst.

– Kva synest koret sjølv om å synge ute?

– Det blir ei veldig trolsk og magisk stemning i Okshola, og det er eit høgdepunkt i året for oss.