Meiner idrettslaga må betale dyrt etter innføring av ny ordning

FOTBALL: Leiar i Svelgen TIF Fotball Terje Rebni meiner AutoPASS-ordninga vil koste fotballgruppa 60.000 kroner årleg om det held fram som no.

Fotball-lag frå Svelgen og Bremanger på same ferje på veg til kamp i 2019-sesongen. AutoPASS-systemet har ført til vesentleg auka utgifter for laga. Bremanger IL og Svelgen TIF har sendt brev til samferdsleministeren der dei bed om ei løysing.  Foto: Privat

Nyheter

Bakgrunnen er at dei tidlegare verdikorta på ferjene er borte. Idrettslaget kunne kjøpe desse korta og få 50 prosent rabatt på ferjeturane. Med AutoPASS er rabatten knytt til kvart enkelt køyretøy. Kvar bileigar må skaffe seg AutoPass brikke og kort for å få rabatten. Så må den aktuelle sjåføren som køyrer på kamp få refundert utgiftene frå idrettslaget. Det vil seie mykje meir administrasjon. Ifølgje Rebni blir det i praksis til at dei må betale full pris på ferjeturane i løpet av sesongen.