Full utrykking etter brannalarm

  Foto: Arkivfoto: Erling Wåge

Nyheter

Søndag kveld var det full utrykking til Vågsberget Handelsstad i Vågsvåg i Vågsøy kommune.

Det var ein automatisk brannalarm som igjen har sendt signal til Alarmsentralen.

Brannvesenet i Vågsøy rykte ut og gjekk inn i bygningane, men dei fann ikkje noko unormalt.

Klokka 21.15 opplyser vaktleiar Benedicte Svardal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane til Fjordenes Tidende at brannvesenet har undersøkt anlegget, og at det ikkje har vore noko brann. Dei har returnert til stasjonen.

Ergo så har det vore ein automatisk brannalarm som har løyst seg ut.